3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att,
4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. «No er det nok,» sa han, «ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»
5 Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!»
6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.
7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.»
8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet.
9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?»