9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?»
10 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»
11 Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet.
12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing.
13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»
14 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»
15 Då sa Herren til han: «Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane!