1 Då det leid til den tid at David skulle døy, sa han til Salomo, son sin:
2 No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Men ver du sterk, og vis at du er ein mann!
3 Gjev akt på det som Herren din Gud har fastsett! Gå på hans vegar og hald hans føreskrifter, bod, lover og føresegner, som dei står skrivne i Moselova. Då skal det lukkast for deg, alt det du gjer og tek deg føre.
4 For Herren vil oppfylla den lovnaden han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt åsyn i truskap, av heile sitt hjarta og heile sin hug, skal det aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»
5 Du veit sjølv korleis Joab Serujason har bore seg åt mot meg. Kom i hug kva han gjorde med dei to hærførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson. Han drap dei og rende ut blod i fredstid som om det var krig. Såleis fekk han blod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene.
6 Bruk no det gode vitet ditt, og lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket!