18 Batseba svara: «Ja vel, eg skal tala med kongen for deg.»
19 Så gjekk Batseba til kong Salomo og ville leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Det vart sett fram ein stol for kongsmora, og ho sette seg attmed han på høgre sida.
20 Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» Kongen svara: «Sei kva du ynskjer, mor! Eg viser deg ikkje bort.»
21 Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»
22 Men kong Salomo tok til ords og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongedømet for han. Han er då bror min og eldre enn eg, og han har presten Abjatar og Joab Serujason på si side.»
23 Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!
24 Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!»