20 Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» Kongen svara: «Sei kva du ynskjer, mor! Eg viser deg ikkje bort.»
21 Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»
22 Men kong Salomo tok til ords og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongedømet for han. Han er då bror min og eldre enn eg, og han har presten Abjatar og Joab Serujason på si side.»
23 Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!
24 Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!»
25 Så sende kong Salomo Benaja Jojadason i veg; han rauk på Adonja og drap han.
26 Til presten Abjatar sa kongen: «Far heim til garden din i Anatot! Du har gjort deg skuldig til døden. Men eg vil ikkje drepa deg i dag; for du har bore paktkista åt Herren Gud framfor David, far min, og du har vore med far min og lide alt det han laut lida.»