34 Så gjekk Benaja Jojadason opp og gav Joab banehogg, og han vart gravlagd i heimen sin ute på landet.
35 Kongen sette Benaja Jojadason til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.
36 Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort, korkje til den eine eller andre staden.
37 Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, då skal du døy. Og sjølv har du skulda for at du vert drepen.»
38 Sjimi svara: «Ja vel, tenaren din skal gjera som du seier, herre konge.» Sidan budde Sjimi lenge i Jerusalem.
39 Men då tre år var lidne, hende det at to av trælane hans rømde til Akisj Ma’akason, kongen i Gat. Då Sjimi fekk vita at trælane var i Gat,
40 gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han ville fara til Akisj i Gat og leita etter trælane sine. Sjimi fór av stad og henta trælane i Gat.