6 Bruk no det gode vitet ditt, og lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket!
7 Men sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera vel imot. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg rømde for Absalom, bror din.
8 Du har òg hjå deg Sjimi, son til Gera frå Bakurim, av Benjamins-ætta. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg fór til Mahanajim. Men sidan kom han og møtte meg nedmed Jordan. Då svor eg ved Herren og lova at eg ikkje skulle la han døy for sverd.
9 Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera, så du får sendt han ned til dødsriket med blod i det gråe håret.
10 Så gjekk David til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Davids-byen.
11 I førti år hadde han vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
12 Salomo fylgde etter David, far sin, på kongsstolen, og kongedømet hans vart sterkt og fast.