1 Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin. Trettito kongar fylgde han med hestar og vogner då han fór i hærferd. Benhadad kringsette Samaria og gjekk til åtak på byen.
2 Han sende nokre menn inn i byen til Akab, kongen i Israel,
3 med det bodet: «Så seier Benhadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste konene og borna dine er mine.»
4 Israels-kongen svara: «Det er som du seier, herre konge. Eg og alt mitt er ditt.»
5 Men sendemennene kom att og sa: «Så seier Benhadad: Eg sende deg dette bodet: Du skal gje meg sølvet og gullet ditt og konene og borna dine.
6 I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både huset ditt og husa åt mennene dine, og alt det du set pris på, skal dei ta med seg.»
7 Då kalla Israels-kongen til seg alle dei eldste i landet og sa: «No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det konene og borna mine og sølvet og gullet mitt han kravde, og eg nekta han ikkje det.»