11 Israels-kongen svara: «Sei til herren dykkar at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta liksom den som løyser det av seg.»
12 Dette svaret fekk Benhadad medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa til mennene sine: «Stell dykk opp!» Dei så gjorde og ville storma byen.
13 Då gjekk ein profet fram for Akab, Israels-kongen, og sa: «Så seier Herren: Ser du denne store hopen? I dag gjev eg dei i dine hender, og du skal skjøna at eg er Herren.»
14 «Kven skal gjera dette?» spurde Akab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene åt futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja striden?» Hin svara: «Du sjølv.»
15 Så mønstra Akab mennene åt futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.
16 Dei slo til ved middagstid, medan Benhadad sat i Sukkot og drakk i lag med dei trettito kongane som fylgde han.
17 Mennene åt futane var dei fyrste som tok av stad. Benhadad hadde folk ute, og dei kom til han og sa frå: «Det har drege ut nokre menn frå Samaria.»