14 «Kven skal gjera dette?» spurde Akab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene åt futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja striden?» Hin svara: «Du sjølv.»
15 Så mønstra Akab mennene åt futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.
16 Dei slo til ved middagstid, medan Benhadad sat i Sukkot og drakk i lag med dei trettito kongane som fylgde han.
17 Mennene åt futane var dei fyrste som tok av stad. Benhadad hadde folk ute, og dei kom til han og sa frå: «Det har drege ut nokre menn frå Samaria.»
18 Då sa han: «Ta dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.»
19 Så drog dei ut or byen, både mennene åt futane og hæren som fylgde dei.
20 Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane rømde, og israelittane forfylgde dei. Benhadad, aramearkongen, kom seg unna på ein hest saman med nokre ryttarar.