27 Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt for dei som to små geiteflokkar, medan aramearane fylte heile sletta.
28 Då gjekk gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, så vil eg gje heile denne store hopen i dine hender, og de skal skjøna at eg er Herren.»
29 I sju dagar låg hærane midt for einannan. Men den sjuande dagen kom det til strid. Og israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket åt aramearane.
30 Dei som var att, rømde til Afek og berga seg inn i byen. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.Benhadad òg rømde. Han kom seg inn i byen, der han flaug frå rom til rom.
31 Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane åt Israels-folket er milde kongar. Lat oss kle oss i strie og leggja reip om halsen og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»
32 Så kledde dei seg i strie og la reip om halsen, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Benhadad, tenaren din, bed om at du må la han få leva.» Akab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»
33 Det tykte mennene varsla godt. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sa Akab: «Gå og henta han!» Så kom Benhadad ut til han, og Akab bad han stiga opp i vogna til seg.