3 med det bodet: «Så seier Benhadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste konene og borna dine er mine.»
4 Israels-kongen svara: «Det er som du seier, herre konge. Eg og alt mitt er ditt.»
5 Men sendemennene kom att og sa: «Så seier Benhadad: Eg sende deg dette bodet: Du skal gje meg sølvet og gullet ditt og konene og borna dine.
6 I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både huset ditt og husa åt mennene dine, og alt det du set pris på, skal dei ta med seg.»
7 Då kalla Israels-kongen til seg alle dei eldste i landet og sa: «No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det konene og borna mine og sølvet og gullet mitt han kravde, og eg nekta han ikkje det.»
8 Då sa alle dei eldste og alt folket til han: «Du må ikkje høyra på han og ikkje gjera han til viljes.»
9 Akab sa til sendemennene frå Benhadad: «Sei til min herre kongen at alt det han sende bod til meg om fyrste gongen, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Det svaret fór sendemennene attende med.