32 Så kledde dei seg i strie og la reip om halsen, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Benhadad, tenaren din, bed om at du må la han få leva.» Akab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»
33 Det tykte mennene varsla godt. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sa Akab: «Gå og henta han!» Så kom Benhadad ut til han, og Akab bad han stiga opp i vogna til seg.
34 Då sa Benhadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje frå meg att. Og du kan få byggja eit handelskvartal i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» Akab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Benhadad og gav han fri.
35 Ein av profetsveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen ville ikkje.
36 Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.
37 Sidan møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Då slo mannen til han så han vart såra.
38 Og profeten gjekk av stad og stod på vegen der kongen skulle koma. Han hadde lagt eit bind over augo, så ingen kjende han att.