38 Og profeten gjekk av stad og stod på vegen der kongen skulle koma. Han hadde lagt eit bind over augo, så ingen kjende han att.
39 Då kongen fór framom, ropa profeten til han: «Herre, eg var med på ei hærferd. Midt i striden kom det ein mann bort til meg. Han hadde med seg ein annan mann og sa: Ta vel vare på denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv.
40 Men tenaren din hadde litt å gjera både her og der, og mannen vart borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.»
41 Då reiv profeten bindet frå augo, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.
42 Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sleppte frå deg den mannen som eg hadde bannlyst, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.»
43 Så fór Israels-kongen heim. Mismodig og harm kom han til Samaria.