9 Akab sa til sendemennene frå Benhadad: «Sei til min herre kongen at alt det han sende bod til meg om fyrste gongen, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Det svaret fór sendemennene attende med.
10 Endå ein gong sende Benhadad bod til han og sa: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om det vert nok grus att av Samaria til å fylla nevane på alt det folket som fylgjer meg.»
11 Israels-kongen svara: «Sei til herren dykkar at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta liksom den som løyser det av seg.»
12 Dette svaret fekk Benhadad medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa til mennene sine: «Stell dykk opp!» Dei så gjorde og ville storma byen.
13 Då gjekk ein profet fram for Akab, Israels-kongen, og sa: «Så seier Herren: Ser du denne store hopen? I dag gjev eg dei i dine hender, og du skal skjøna at eg er Herren.»
14 «Kven skal gjera dette?» spurde Akab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene åt futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja striden?» Hin svara: «Du sjølv.»
15 Så mønstra Akab mennene åt futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.