1 Salomo fekk farao, kongen i Egypt, til verfar. Han gifte seg med dotter til farao og førte henne heim til Davids-byen. Der budde ho til han hadde bygt ferdig sitt eige hus, Herrens hus og muren kring Jerusalem.
2 Folket ofra endå på haugane; for på den tid var det ikkje bygt noko hus for Herrens namn.
3 Salomo elska Herren og fylgde føresegnene åt David, far sin. Men han slakta og brende offerdyr på haugane.
4 Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.