14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»
15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.
16 På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen.
17 Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne.
18 Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset.
19 Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han.
20 Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm.