23 Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min gut som lever, og din som er død. Og den andre seier: Nei, det er min gut som lever, og din som er død.
24 Henta eit sverd til meg!» sa kongen. Då kom dei inn til kongen med eit sverd,
25 og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart!»
26 Då loga kjærleiken opp i henne som var mor til det levande barnet, og ho sa: «Høyr på meg, herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Vi skal ikkje ha han anten eg eller du. Berre hogg til!»
27 Då tok kongen til ords og sa: «Lat henne få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mora.»
28 Det spurdest over heile Israel korleis kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen. For dei såg at han hadde visdom frå Gud til å skifta rett.