15 Akima’as hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;
16 Ba’ana, son til Husjai, i Asjer og Alot;
17 Josjafat, son til Paruak, i Jissakar;
18 Sjimi, son til Ela, i Benjamin;
19 Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt; dessutan var det ein fut i Juda.
20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden på havsens strand. Dei åt og drakk og var glade.
21 Salomo rådde over alle kongerika frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei svara skatt og stod under han så lenge han levde.