20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden på havsens strand. Dei åt og drakk og var glade.
21 Salomo rådde over alle kongerika frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei svara skatt og stod under han så lenge han levde.
22 Til hushaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor kveitemjøl og seksti kor anna mjøl,
23 ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått på beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.
24 Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred på alle kantar.
25 I Juda og Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, sat kvar mann trygt under sitt vintre og sitt fikentre så lenge Salomo levde.
26 Salomo hadde tolv tusen hestfolk og stallrom til førti tusen vognhestar.