22 Til hushaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor kveitemjøl og seksti kor anna mjøl,
23 ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått på beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.
24 Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred på alle kantar.
25 I Juda og Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, sat kvar mann trygt under sitt vintre og sitt fikentre så lenge Salomo levde.
26 Salomo hadde tolv tusen hestfolk og stallrom til førti tusen vognhestar.
27 Dei tolv futane sytte kvar sin månad for mat og drikke til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; og dei lét det ikkje skorta på noko.
28 Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd.