31 Han var visare enn alle menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle folkeslaga rundt ikring.
32 Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.
33 Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.
34 Frå alle land kom det folk og ville høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans.