5 Asarja, son til Natan, var hovding over futane; Sabud, son til Natan, var kongsven;
6 Akisjar var slottshovding; Adoniram, son til Abda, hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid.
7 Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for mat og drikke til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.
8 Dette er namna deira: son til Hur, i Efraims-fjellet;
9 son til Deker, i Makas, Sja’albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;
10 son til Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-bygda;
11 son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;