9 son til Deker, i Makas, Sja’albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;
10 son til Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-bygda;
11 son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;
12 Ba’ana, son til Akilud, hadde Ta’anak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisre’el, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;
13 son til Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane åt Ja’ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;
14 Akinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;
15 Akima’as hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;