10 Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar.
11 Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende han til Hiram kvart år.
12 Herren gav Salomo visdom, så som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.
13 Kong Salomo tok ut pliktarbeidarar i heile Israel. Tretti tusen mann tok han ut,
14 og han sende dei i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei på Libanon og to månader heime. Adoniram hadde tilsyn med pliktarbeidarane.
15 Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet,
16 forutan dei arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde tilsyn med arbeidsfolket.