15 Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet,
16 forutan dei arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde tilsyn med arbeidsfolket.
17 Kongen baud at dei skulle bryta ut store og verdfulle steinar; for grunnmuren under templet skulle vera av hoggen stein.
18 Bygningsmennene åt Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som templet skulle byggjast av.