1 Salomo tok til å byggja Herrens hus i det 480. året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i siv månad, som er den andre månaden. Salomo var då konge i Israel på fjerde året.
2 Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt.
3 Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei, mælt ut frå huset.
4 På huset laga han vindaugo med skrånande karmar og gitter.
5 Rundt den ytre husmuren, både langs tempelhalla og det inste romet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom.
6 Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks og den øvste sju. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset, så han slapp å føra bjelkane inn i sjølve tempelveggen.