13 Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»
14 Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.
15 Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.
16 Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage.
17 Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.
18 Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.
19 Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå.