17 Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.
18 Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.
19 Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå.
20 Dette romet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med fint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar; det kledde han med sedertre.
21 Salomo kledde huset innvendes med fint gull. Han hengde gullkjeder bortover veggen framfor det inste romet og kledde han med gull.
22 Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste romet, kledde han med gull.
23 I det inste romet laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge.