2 Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt.
3 Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei, mælt ut frå huset.
4 På huset laga han vindaugo med skrånande karmar og gitter.
5 Rundt den ytre husmuren, både langs tempelhalla og det inste romet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom.
6 Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks og den øvste sju. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset, så han slapp å føra bjelkane inn i sjølve tempelveggen.
7 Då huset vart reist, bygde dei det av stein som var tilhoggen i steinbrotet. Det høyrdest korkje hamar eller meisel eller nokon annan jernreiskap i huset då det vart bygt.
8 Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på sørsida av huset. Ei tropp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda.