23 I det inste romet laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge.
24 Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang, og hin vengen var òg fem alner. Det var ti alner frå vengespiss til vengespiss.
25 Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane var like store og like å sjå til.
26 Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg.
27 Desse kjerubane sette han i det inste romet i huset. Og dei breidde ut vengene sine, så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i templet.
28 Han kledde kjerubane med gull.
29 Alle veggene i huset prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, både i det indre og det ytre romet.