25 Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane var like store og like å sjå til.
26 Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg.
27 Desse kjerubane sette han i det inste romet i huset. Og dei breidde ut vengene sine, så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i templet.
28 Han kledde kjerubane med gull.
29 Alle veggene i huset prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, både i det indre og det ytre romet.
30 Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet.
31 Ved inngangen til det inste romet sette han ei vengedør av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar.