27 Desse kjerubane sette han i det inste romet i huset. Og dei breidde ut vengene sine, så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i templet.
28 Han kledde kjerubane med gull.
29 Alle veggene i huset prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, både i det indre og det ytre romet.
30 Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet.
31 Ved inngangen til det inste romet sette han ei vengedør av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar.
32 Dei to vengedørene av oliventre prydde han med utskjeringar av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, og han kledde dei med gull, som han la over kjerubane og palmene.
33 Like eins laga han dørstolpar av oliventre for inngangen til tempelhalla. Dørkarmane skråna innover i fire avsatsar.