31 Ved inngangen til det inste romet sette han ei vengedør av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar.
32 Dei to vengedørene av oliventre prydde han med utskjeringar av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, og han kledde dei med gull, som han la over kjerubane og palmene.
33 Like eins laga han dørstolpar av oliventre for inngangen til tempelhalla. Dørkarmane skråna innover i fire avsatsar.
34 Dei to dørvengene var av sypresstre. Begge dørvengene hadde to halvdører, som kunne svingast.
35 Han prydde dei med utskorne kjerubar, palmer og utsprotne blomar og kledde dei med gull som vart lagt jamt utover utskjeringane.
36 Han bygde den indre føregarden med tre lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar.
37 Grunnvollen til Herrens hus vart lagd i det fjerde året, i siv månad;