35 Han prydde dei med utskorne kjerubar, palmer og utsprotne blomar og kledde dei med gull som vart lagt jamt utover utskjeringane.
36 Han bygde den indre føregarden med tre lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar.
37 Grunnvollen til Herrens hus vart lagd i det fjerde året, i siv månad;
38 og i det ellevte året, i bul månad, som er den åttande månaden, gjorde Salomo huset ferdig med alt som til høyrde, og i eitt og alt som det skulle vera. Då hadde han bygt på det i sju år.