1 Salomo bygde på kongsgarden sin i tretten år før han fekk han ferdig.
2 Fyrst bygde han Libanon-skoghuset. Det var hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar.
3 Over sideroma, som kvilte på søylene, var det eit tak av sedertre. I alt var det førtifem rom, femten i kvar rad.
4 I huset var det tre rader vindaugo med karmar. Vindaugo låg midt for kvarandre i tre høgder.
5 Alle dørene og vindaugo hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6 Så bygde han søylehalla, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor den var det ei forhall med søyler, og framfor den att eit skjermtak.
7 Sidan bygde han tronhalla, der han sat og dømde, Domshalla. Han kledde henne med sedertre frå golvet til takbjelkane.