10 Grunnmuren var av store og dyre steinar, steinar på ti alner og på åtte alner.
11 Over dei var det dyre steinar, som var hogne etter mål, og sedertre.
12 Rundt den store borggarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Såleis var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhalla til slottet.
13 Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus.
14 Han var son til ei enkje av Naftali-ætta, og far hans var ein koparsmed frå Tyrus. Hiram var ein dugande mann og hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.
15 Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner om ho skulle nå rundt henne. Den andre søyla var like stor.
16 Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart av dei var fem alner høgt.