17 På søylehovuda øvst på søylene var det flettverksarbeid. Og på kvart søylehovud hang det sju snorer som likna kjeder.
18 Han laga to rader med granateple kring det eine av flettverka som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Såleis gjorde han med det andre søylehovudet òg.
19 Søylehovuda øvst på søylene i forhalla var på skap som lotusblomar og mælte fire alner.
20 På begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktninga på den andre sida av flettverket, var det granateple. Dei var to hundre i talet og hang i rader rundt ikring søylehovuda.
21 Han reiste søylene attmed forhalla til templet. Den søyla som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på venstre sida, kalla han Boas.
22 Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført.
23 Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.