24 Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet.
25 Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.
26 Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat.
27 Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge.
28 Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.
29 På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.
30 Kvart fotstykke hadde fire hjul av bronse og åsar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar, som var støypte på under kjelen. Bak kvar av dei var det kransar.