26 Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat.
27 Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge.
28 Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.
29 På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.
30 Kvart fotstykke hadde fire hjul av bronse og åsar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar, som var støypte på under kjelen. Bak kvar av dei var det kransar.
31 Opninga for kjelen var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Ho var rund og hadde eit underlag på halvanna alen. På opninga var det utskjeringar. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.
32 Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulåsane sat på fotstykket. Kvart hjul var halvanna alen høgt.