33 Hjula var laga som vognhjul; åsane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt.
34 Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart fotstykke. Berearmane var støypte i eitt med fotstykket.
35 Øvst på kvart fotstykke gjekk det ei runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst på fotstykket og var støypte i eitt med det.
36 På flatsida av handtaka og på berearmane skar han ut kjerubar, løver og palmer etter som det var rom til, og kransar rundt ikring.
37 Såleis laga han dei ti fotstykka for offerkjelar. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.
38 Så laga han ti kjelar av bronse. Kvar kjel tok førti bat og var fire alner i tverrmål. Det var ein kjel for kvart av dei ti fotstykka.
39 Fem av fotstykka sette han på sørsida av templet og fem på nordsida. Havet sette han på sørsida, ved det søraustre hjørnet.