38 Så laga han ti kjelar av bronse. Kvar kjel tok førti bat og var fire alner i tverrmål. Det var ein kjel for kvart av dei ti fotstykka.
39 Fem av fotstykka sette han på sørsida av templet og fem på nordsida. Havet sette han på sørsida, ved det søraustre hjørnet.
40 Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført alt det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus:
41 to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å dekkja dei to skålene;
42 dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;
43 dei ti fotstykka med dei ti kjelane på;
44 havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under;