41 to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å dekkja dei to skålene;
42 dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;
43 dei ti fotstykka med dei ti kjelane på;
44 havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under;
45 oskefata, eldskuflene og offerskålene. Alt dette som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
46 Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.
47 Salomo lét vera å vega alle desse tinga, fordi mengda var så stor. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.