47 Salomo lét vera å vega alle desse tinga, fordi mengda var så stor. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.
48 Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på;
49 ljosestakane framfor det inste romet, fem på sørsida og fem på nordsida, av fint gull, med blomar; ljosesaksene og tengene av gull;
50 bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av fint gull. På utsida var dørene til det inste romet i huset, til Det høgheilage, og dørene til tempelhalla lagde med gull.
51 Så var det fullført, alt arbeidet som kong Salomo hadde late gjera på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigt til Herren, både sølvet og gullet og kara. Han la det inn i skattkammera i Herrens hus.