5 Alle dørene og vindaugo hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6 Så bygde han søylehalla, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor den var det ei forhall med søyler, og framfor den att eit skjermtak.
7 Sidan bygde han tronhalla, der han sat og dømde, Domshalla. Han kledde henne med sedertre frå golvet til takbjelkane.
8 Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhalla. Det var bygt på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det òg likna forhalla.
9 Alle desse bygningane var av dyre steinar, som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnvollen opp til murkransen og frå utkanten av borga inn til den store borggarden.
10 Grunnmuren var av store og dyre steinar, steinar på ti alner og på åtte alner.
11 Over dei var det dyre steinar, som var hogne etter mål, og sedertre.