13 No har eg bygt deg ein bustad,ein stad der du kan bu ¬til evig tid.
14 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden medan dei alle stod.
15 Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i gjerning har oppfylt den lovnaden han gav David, far min, då han sa:
16 «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»
17 Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
18 Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det.
19 Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.»