3 Då alle dei eldste i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkiste
4 og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei.
5 Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden som hadde samla seg hjå han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.
6 Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.
7 For kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene.
8 Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag.
9 I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt.