58 men bøya hjarta vårt til seg, så vi alltid går på hans vegar og held dei bod, føresegner og lover som han gav fedrane våre.
59 Gjev denne inderlege bøna som eg har bede til Herren, må koma fram for Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst dag for dag.
60 Då skal alle folk på jorda skjøna at Herren er Gud, han og ingen annan.
61 Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de ferdast etter hans føresegner og held hans bod, som de gjer i dag.
62 Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren.
63 Og Salomo bar fram måltidsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus.
64 Same dagen vigsla kongen midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma både brennofferet, grødeofferet og måltidsofferet.