6 Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.
7 For kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene.
8 Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag.
9 I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt.
10 Så hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, at skya fylte Herrens hus.
11 Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte templet.
12 Då sa Salomo:Herren har sagtat han vil bu i skoddemørkret.