62 Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren.
63 Og Salomo bar fram måltidsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus.
64 Same dagen vigsla kongen midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma både brennofferet, grødeofferet og måltidsofferet.
65 Samstundes heldt Salomo høgtida, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. I sju dagar og sju dagar til, i alt fjorten dagar, heldt dei høgtid for Herren vår Guds åsyn.
66 Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.